Det er ikkje lenger sant at det berre er journalistar som les byliner.  Det skal godt gjerast å unngå dei no for tida.

Verda er ikkje statisk. Ho forandrar seg, og vi må forandre oss med henne. Frå tid til annan opphøyrer difor dei etablerte sanningane å gje meining. No er tida komen for nok ei sanning til å gå i jorda. Eg siktar til munnhellet i avisbransjen om at det berre er journalistar som les byliner.

For byliner er ikkje lenger noko ein må leita etter. Det er ikkje lenger einstydande med journalisten sitt namn, skrive i litt mindre fontar enn resten av teksten, gøymd vekk mellom ingress og brødtekst eller heilt til slutt i artikkelen. Dagens byliner i mange toneangjivande norske avisar formeleg hyler om merksemd. Dei er skrivne i feite typar, nokre tyr òg til raudt blekk. Og det held ikkje lenger med berre bladfykanes namn, no vert det i tillegg klint på ei e-postadresse og eit bilete.

Ei fotobyline høyrer heime i ein brei kommentar, eller i ein reportasje der journalisten verkeleg er til stades. Det som får meg til å steile er når dette har vorte kotyme i vanlege nyhendeartiklar. Jau, til og med av den typen der alle kan sjå at journalisten ikkje har bidrege med noko meir enn saks og limstift.

Det handlar om merkevarebyggjing. Avisa må visa andleta sine – skapa eit band mellom lesar og journalist. Jaha, eg ser berre tidsandas eksponeringssjuke spreia useriøsiteten si ein stad den ikkje høyrer heime. Gje oss mindre informasjon om journalisten og meir om nyhendet.

Vyrdsamt,

KåJådd

 

Pin It on Pinterest

Share This