Tre av ti norske skomakarar er ikkje interesserte i å reparera skor. Dei resterande sju har ikkje tid.

Dette med skomakarane var berre tøv. Sjølvsagt vil dei reparera skor; hadde det vore annleis hadde dei ikkje gjort jobben sin og dermed hadde det ikkje vore behov for skomakarar lenger.

Denne tankerekka kan diverre ikkje overførast til å gjelda alle yrkesgrupper. Det fekk vi journalistar bitterleg erfara då SKUP (Stiftelsen for  ein Kritisk og Undersøkande Presse) presenterte sitt siste skup fredag 19. mars. Norske journalistar gjer nemleg ikkje jobben sin: Tre av ti har ingen ambisjonar om å endra samfunnet, og dei resterande har ikkje tid til å prioritera gravejournalistikk.

Det målingstynne sjiktet av yrkesgruppa som faktisk yt si skjerv for ei betre verd var openbart ikkje bland dei 8000 som deltok i undersøkinga, som vart gjennomførd av SKUP sjølve.

Kva blir att? I all hovudsak: Kuriositetar, sport og eit og anna blotta kvinnebryst. Nokon skrik at det er den pressa økonomiske situasjonen i redaksjonane som tvingar bladfykane til å prioritera slik, andre legg skulda på utdanninga som vektlegg vitnemål over samfunnsengasjement og dermed stansar dei få journalistspirene med brennande sjeler i døra. Det er klart dette er ein situasjon mange makthavarar og maktmisbrukarar trivst i.

Alt dette kjem i ei tid då journalistar sin status allereie er låg og fallande, og det siste gjeld også avisenes salstal. Pengemakta rår, og eg ber ei stille bøn om at kapitalismen sitt klamme grep for ein sjeldan gong si skuld vil tvinga redaktørane til å vakne.

Vyrdsamt,

KåJådd

Pin It on Pinterest

Share This