«Gjennom svulstige skildringar avslører dei at det no helst var forfattar dei ville verta, og samstundes at det var ein årsak til kvifor det ikkje vart slik.»

KåJådd tar i sin kommentar for seg den subjektive kjøkkenbordsjournalistikken

Denne artikkelen er det eg som har skrive. Han er min. Min-min-min!

Time’s Magazine var tidleg ute med å treffa spikarhovudet då dei i 2006 lanserte sin årlege Person of the year. Det året vart nemleg du årets individ. Den snedige vrien annonserte på sett og vis ein ny tidsalder. For all del, i 2006 hadde sjølveksponering for lengst rukke og bli vanleg, men sidan har det langt på veg vorte eit krav. Røyndomsfjernsyn, sosiale media, videosnuttar på nett, bloggar (sic!) og det heile.

Kva har dette utleveringskravet og –trongen hatt å seie for journalistikken, der objektiviteten alltid har hengd som ei uoppnåeleg, men heilag ledestjerne? Jau, du gjetta rett: journalistikken har vorte meir subjektiv.

For det fyrste har det vorte meir kommentarstoff, diverre hovudsakleg av den slarvete sorten. Kjøkenbordsfilosofi, kvardagshendingar og anna pjatt kvernar dei i veg på, «dei nye røystene». Ei fast spalte i avisa heng ikkje lenger so høgt og er ikkje lenger reserverd dei få som med rette kan kalla seg fjørpennar. Dermed vert spaltistane ikkje lest med andakt lenger heller, og sjangeren vert uthola.

Artikkelen fortsetter under bildet

For det andre er det meir featurestoff i pressenoreg no. Diverre er brorparten også i dette tilfellet av den slarvete sorten.

Featuresjangeren var tidligare gjerne noko for dei gamle travarane i avishusa som var erfarne nok til å meistra denne krevjande kryssjangeren mellom avisartikkel og skjønlitteratur. Men ikkje no lenger: Avisene har byrja gje ut vekeblad, gjerne fleire gongar i veka. Her får dei unge, sjølvbevisste journalistane høve til å måla ut sitt ego i tjukke lag, slik dei er vande til frå alle sine andre plattformar for sjølvutlevering. Gjennom svulstige skildringar avslører dei at det no helst var forfattar dei ville verta, og samstundes at det var ein årsak til kvifor det ikkje vart slik.

På sitt beste er den personlege stilen utmerka, men det krev ein skribent som har noko å by på. Tendensen er diverre at mange berre byr på seg sjølv.

Vyrdsamt,

KåJådd

Pin It on Pinterest

Share This